Melding fra Austevoll Vatn og Avløp. Vi har en driftsforstyrrelse på renseanlegget og vi veit ikkje omfanget av dette. Inntil det er avklart ber vi folk ikkje drikke vatnet. Vi sender ut ny melding når vi har oversikt over situasjonen.

Driftsmeldingar

 

Varsel om koking av drikkevatn på Stolmen, laurdag 17.08.19


Det er påvist bakterier i drikkevatnet på Stolmen og inntil årsak er avklart må difor alt drikkevatn kokast. Me har grunn for å tru at problemet kun gjeld eit avgrensa område på leidningsnettet, men inntil vidare gjeld allikevel kokevarselet heile Stolmen for å være på den sikre sida. Kokevarselet gjeld alt vatn som skal drikkast, nyttast til matlaging og tannpuss. Klevask, dusjing m.m går fint. Me jobber med å finne årsak til problemet og vil sende nytt varsel når vi veit meir.


 

Det er sommar og uvanleg varmt i Austevoll for tida, og AVA oppfordrar difor alle til å drikke rikeleg av det gode vatnet me leverer. Ynskjer du kaldt vatn, tapp opp på flasker og legg i kjøleskapet.

Vassforbruket er no generelt høgt og me set pris på at våre kundar er med og sparer på vatnet der ein kan. Du kan vatne blomar i hagen, men det er generelt forbod mot vatning med slange og vannspredar. 

Diverre lek også ein del av vatnet me produserer ut gjennom hol i ledningsnettet. Me har fiksa ein lekkasje på Driveneset i dag, men framleis er det mange lekkasjar som må lokaliserast og fiksast.

Tysdag 30. juli har me ein stor service på vannbehandlingsanlegget, så då er det ekstra viktig at alle brukar så lite vatn som mogleg, slik at me unngår at det går tomt og kundar mistar vatnet heilt.

Austevoll Vatn og Avløp ynskjer alle våre kundar ein fortsatt strålande sommar!

 

 

 

Arbeid på ledningsnettet torsdag 25. juli 2019

Grunna arbeid på ledningsnettet på Nordre og Søre Drivenes kan kundane oppleva lavare trykk på vatnet enn normalt. Dette vil vare utover kvelden.

Lekkasjesøk mandag 22. juli 2019

Grunna lekkasjesøk vert vatnet stengt i periodar i dag ca kl 10-14. Dette gjeld kundar frå Solesvik til Otterå. Ikkje set på maskiner som treng vatn i dette tidsrommet.

Grunna lekkasjesøk vert vatnet stengt i dag ca kl 10-14. Dette gjeld kundar frå Veivåg-Salthella, Hevrøy, Møkster og Litlakalsøy. Vennligst ikkje bruk vatn i denne perioden.


Lekkasje-reparasjon torsdag 18. juli 2019

Da reparasjonsarbeidet på hovudvassledningen vil ta lengre tid, forventar vi vatnet attende ca kl 18. Spyl ut på utvendig tappepost før de brukar vatn att, det er forventa mykje luft i vatnet.


Lekkasjesøk torsdag 18. juli 2019

Grunna lekkasjesøk torsdag vert vatnet stengt i periodar mellom ca kl 9-15. Ikkje sett på maskiner som treng vatn i dette tidsrommet. Dette gjeld kundar frå Tuftevik-Salthella, Hevrøy, Litlakalsøy og Møkster.


Lekkasjesøk tirsdag 9. juli 2019

Grunna lekkasjesøk i Bekkjarvik, vert vatnet stengt for nokre kundar i kortare periodar i dag, mellom kl 10-15. Ikkje set på maskiner som treng vatn i denne tidsperioden.

Informasjon om vasskvaliteten i Austevoll
12.06.2019

Informasjon om vasskvaliteten i Austevoll

I forbindelse med vasskrisa på Askøy har vi fått ein del spørsmål om dette er noko som også kunne skjedd i Austevoll.

Svaret på dette, er at vi meiner vi har god kontroll på vasskvaliteten i Austevoll.

Vi har eit moderne og godt bygd vassreinseanlegg med både membranfiltrering og ozonbehandling av vatnet. Etter reinsing går vatnet inn i ein reintvasstank i vassbehandlingsanlegget der vi tar dei første prøvane av vatnet. Frå reintvasstanken sender vi vatnet ut i distribusjonsnettet og fram til deg som kunde.

Som du kanskje har lest eller har høyrt om i media, kan vasskrisa på Askøy skuldast forureining i eit høgdebasseng i ein fjellhall/ tunell. I Austevoll har vi også høgdebasseng i distribusjonsnettet, men til forskjell frå det forureina høgdebassenget på Askøy, er alle våre lukka basseng som er plassert oppå bakken og bygd slik at det ikkje skal vere fare for inntrenging av forureina vatn/ overvatn. Som ein del av kvalitetssikringa, vert bassenga jamleg inspisert, og vert vaska dersom det er trong for det.

I tillegg til vassprøvar i behandlingsanlegget, tek vi også prøvar ute i distribusjonsnettet etter ein prøveplan som er godkjent av Mattilsynet. Desse punkta er både før og etter dei ulike høgdebassenga.

Hendingar som dei vi no ser på Askøy, er omfattande og vi føler sterkt med dei som er ramma. I Austevoll Vatn og Avløp fylgjer vi nøye med hendinga på Askøy for å lære av den samtidig som vi går nøye gjennom eigne rutinar og arbeidsprosessar for å sikre at tilsvarande hendingar ikkje skjer her hjå oss.

Dersom du har spørsmål om vasskvaliteten i Austevoll, kan du sende oss ein e-post på
avapost@aksa.no eller kontakte oss på telefon 550 80 000.


Vi ynskjer deg ein god og varm sumar!



Helsing oss i Austevoll Vatn og Avløp.