Me tek rutinemessig prøver av drikkevatnet. På prøve innsamla på tysdag denne veka, var alle prøvar ut frå behandlingsanlegget reine, medan det vart påvist bakterier i leidningsnettet på Stolmen. Berørte kundar vart varsla med SMS samme dag. AVA har fulgt opp saka med vassprøvar kvar dag, seinast i dag. I går stengde me ute høgdebassenget og tappa det ned. I dag er begge kammer i bassenget vaska og fylt opp med sterkt klorvatn. Klorblandinga skal stå til måndag. Måndag vil klorvatnet verte tappa ut via leidningsnettet på Stolmen, slik at også rørleidningane vert desinfisert. Me har opna litt på to tappepunkt, eit i byggefeltet på Stangeland og eit på molo Vågasjøen. Ver vennleg å la desse punkta stå med tapping, slik AVA har stilt dei inn.
Det vil også bli sett i verk andre tiltak på Stolmen neste veke. Ny SMS vert sendt til kundane før me sender klorvatn ut på nettet. Når me har fått to reine prøvar utan spor av bakterier, vil vatnet verte friskmeldt. Inntil dess, må alt drikkevatn tappa på Stolmen kokast. Vatnet kan brukast til dusjing, toalett m.m utan koking.
Dersom de ikkje ynskjer å koke vatnet, kan de hente reint og godt vatn på kranen vår på vass-behandlingsanlegget i Kvednane.