Akava

Leveringsvilkår

  1. Hjem
  2. /
  3. Kundeservice
  4. /
  5. Leveringsvilkår

Leveringsvilkår

Dette kan skje både ved planlagt vedlikehald og ved akutte lekkasjar. Ved planlagt vedlikehald vil vi varsle abonnentane på førehand via sms/e-post.

Vasskvalitet:

Behandlingsanlegget i Kvednane leverer fullrensa vatn av høg kvalitet. Kvaliteten vert endå betre frå sommaren 2016 då endå eit rensetrinn vert sett i drift. Me tek vassprøvar for analyse av forskjellige parameter kvar 14. dag. Desse prøvane tek vi ulike stader i nettet, to kvar gong som rulerer over tid. Normalt er dette annakvar tysdag. Dersom vatnet ikkje har godkjent hygienisk kvalitet, vert dette varsla umiddelbart til kundane på SMS

Avløp:

Dersom det ikkje er sjølvfall inn på våre anlegg, må de som kunde montere privat avløpspumpestasjon.

AVA har 4 felles slamavskiljarar. Desse rensar avløpet frå: Haugsneset på Hundvåkøy, Driveneset og Bekkjarvik på Selbjørn, Vik- Blænesbygg på Huftarøy.

Me har vidare 2 silanlegg. Eit på Storebø og eit på Eidsbøen.

Alle kundar som er tilknytta desse anlegga slepp eigen slamavskiljar.

Alle andre kundar på AVA sine felles avløpsanlegg må ha eigen slamavskiljar. Tilknytingsgebyret for desse er derfor redusert.

I tillegg har AVA og Austevoll kommune inngått driftsavtale, der AVA drifta alle OPS anlegg eigd av kommunen.