Fredag vaska me høgdebassenga på Stolmen og fylte dei så opp med sterkt klorvatn. Sidan har bassenga stått fråkopla leidningsnettet, med klorvatnet for desinfisering. Klorvatnet frå bassenget vil i dag bli tappa ut på leidningsnettet for å desinfisere dette. Det vert tappa ut vatn i byggefeltet på Stangeland, molo Vågasjøen og Kvalvåg.
Alt vatn som skal drikkast må framleis kokast, fram til me har to påfølgande reine analyser. I ein periode vil det vere ei sterk klorlukt/smak av vatnet, avhengig av kvar i leidningsnettet du bur, og kor mykje de tappar. Det er ikkje helsefarleg å drikke klorvatnet, men det vil ikkje vere godt på smak, og må uansett kokast.
Me gjennomfører også andre tiltak på leidningsnettet i dag.
Me opprettheld framleis kokevarsel inntil me har to reine vassprøvar som beskrive i driftsmeldinga 13.09.24.