Akava

Høgdebasseng Melingsvarden rehabilitert

Høgdebasseng Melingsvarden rehabilitert

Høgdebassenget på Melingsvarden har i fleire år vore ute av drift av ulike årsaker.
Kundar på Hundvåkøy har dei siste åra fått vatn direkte frå høgdebassenget på Storebø.
Hundvåkøy bassenget er no snart klart for idriftsetting.
Fordelene med dette bassenget er at det no er eit magasin på 300.000 liter vatn på øya. Dette styrkar beredskapen betrakteleg.
Dersom det skulle skje noko med overføringsleidningen frå Huftarøy, vil kundar på Hundvåkøy ha vatn ein del timar medan reparasjon vert utført.
Skulle det oppstå brann, er det godt å vite at det er nok slokkevatn i bassenget
Det vil også vere mindre fare for nye lekkasjar på leidningsnettet, sidan trykket ikkje lenger er høgare enn vassverket vart bygd for i si tid.
I dag er det eit stort lekkasjetap på leidningsnettet på øya. Dette vil verte lågare med noko mindre trykk.
Alle kundar vil no få det same trykket i kranane sine som det var før bassenget på Melingsvarden vart utkopla.
Dersom du som kunde opplever at dette trykket ikkje er tilfredstillande i ditt hus, ber vi deg ta kontakt med røyrleggar for vurdering av alternative trykkforsterkar pumper.
Valg av løysing kan variere i forhold til kva trykk og mengde vatn ein ynskjer, men dette har røyrleggarane god kunnskap om.