Driftsmeldingar

 

Tirsdag 08.06.2021:

Vi kan for tida glede oss over eit fantastisk mai og juni-vèr, men høg temperatur og lite nedbør er også utfordrande.

Me ser på driftskontrollen vår at det for tida er stort vassforbruk i dei fleste områder av Austevoll.

Endå er ikkje magasinkapasiteten i råvatna våre kritisk låg, men det minkar for kvar dag det ikkje kjem større mengder nedbør.

Produksjonskapasiteten vår har me heller ikkje problem med, men behandlingsanlegget går stort sett heile døgeret på full produksjon for å halde høgdebassenga fulle.

Om vi alle tenker gjennom vårt eige vassforbruk og sparar på vatnet, vil alle få vatn til nødvendig forbruk.

Vatning i hage med kanne eller slange du held i er framleis tillatt, men vatning med spreiar er forbode.