Fra venstre, Åge Drønen, Helge Heimark, Torleif Ole Samland, Mikal Drivenes og Odd Brekke.

Om oss

Selskapet Austevoll Vatn og Avløp SA (AVA) vart stifta 01.01.03 då vi overtok alle "offentlege" vatn og avløpsanlegg frå Austevoll Kommune. Det var den gong 5 separate vassverk. AVA starta eit intensivert arbeid med utbygging av behandlingsanlegg, og overføringsleidningar mellom dei ulike øyene i kommunen. Det sentrale vassbehandlingsanlegget vart sett i drift i 2005. I åra som fylgde, har vi lagt ned alle dei andre vassverka etter kvart som dei vart kopla på hovudvassverket vi no kallar Austevoll vassverk.

I tillegg har vi etablert overføringsleidningar og kopla private vassverk til AVA, slik som Kvalvåg, Rostøy, Heimark, Husavik og Otterå.
Det er også lagt nye ledningar til områder som tidlegare ikkje hadde felles løysingar for vatn, slik som Blænes, Drøna, Hevrøy, Litlekalsøy og Møkster.
AVA forsyner no mesteparten av innbyggjarar og hyttefolk i kommunen med vatn. Områder som står att er i hovudsak søre del av Selbjørn og Sandtorv.

Etter at Behandlingsanlegget kom i drift i 2005, vart vasskvaliteten ut til kundane mykje betre enn den var tidlegare. Me opplevde likevel at anlegget ikkje hadde fullgod effekt til å reinse det krevande råvatnet me har i Austevoll. Det har derfor ved fleire høve vorte gjort utbetringar og ombyggingar av anlegget. Ei stor endringa kom i 2016, då vi monterte eit ekstra rensetrinn i form av membranfiltrering. Her investerte vi ca. 11 mill for å få ein endå betre vasskvalitet til kundane våre. Etter det har det også vorte skifta filtermateriale i biofiltertankane, slik at vasskvaliteten no er på eit svært høgt nivå både bakteriologisk og kjemisk.

Det har dei siste åra også vorte utført eit omfattande arbeid med bygging av nye moderne høgdebasseng og pumpeanlegg.
På landsbasis slit ein med gamalt leidningsnett, mykje lekkasjar og det er liten grad av utskifting av gamle rør. I Austevoll er dei eldste leidningane frå tidleg 1970 talet. Det er også her ein alt for stor lekkasjeandel av det vatnet me produserer. Det har den siste tida vorte eit større fokus på lekkasjekontroll og utskifting av utette rør. Dette er eit viktig arbeid, men diverre fører det til at ein del kundar mistar vatnet i dei periodane vi leitar etter, og reparerer lekkasjar. Vi prøver å varsle kundane så godt vi kan med SMS i slike tilfeller, men av og til skjer det ting som gjer at det er vanskeleg å varsle tidleg nok.

AVA har også ansvar for hovudavløpsanlegg i tettbygde strøk. Her er det ulike typar anlegg frå reine overføring-/ utsleppsleidningar der kundane har eigne slamavskiljarar, men som AVA betalar for tømming, til fullverdige anlegg der AVA har silanlegg eller store felles slamavskiljarar.

Separate avløpsanlegg og private felles avløpsanlegg er det Austevoll Kommune som har saksbehandling på og oversikt over.